Laget eig badstova.Me ber løftet.

Eit spleiselag mellom laget, gåvegjevarane og oss. De legg inn eigenandel og dugnad, me teiknar, søkjer og byggjer. Når badstova opnar, er ho dykkar.

Badande ved Os Sauna på Osøyro

Ti badstover er bygde for idrettslag, foreiningar og laug sidan 2023. Den ellevte, Øyane Sauna, opnar i november.

  1. Styret seier ja

    De legg inn eigenandel, dugnad og avtale om staden. Eigenandelen går til synfaring, skisse og søknader om gåvemidlar. Så langt har me skaffa nesten 8 millionar kroner.

  2. Finansieringa er på plass

    Me tek byggjesaka og leverer badstova nøkkelferdig. Resten av honoraret kjem frå prosjektet.

  3. Badstova er dykkar

    De driv ho sjølvbetent, og inntektene blir i laget. Me driftar booking og lås.

Kjem ikkje finansieringa, har de skissa og søknadene, og badstova kan byggjast seinare. Har de alt finansieringa, går me rett på byggjesaka, til fastpris.

Ei kvinne sit på kaien ved Os Sauna
Os Sauna
Badstoverommet i Stanghelle Sauna, med vindauget mot fjorden
Stanghelle Sauna
Badande i fjorden framfor Laugarstovo i Ulvik
Laugarstovo

Beviset

Os Sauna på Osøyro, bygd for Os Turnforening. Opna 23. desember 2023.

0 kr

tente badstova dei fyrste 30 driftsdagane.

kring5 000badande i 2024.

Turnforeininga eig alt sjølv.

"Saunaen på Os skal bli en gullgruve for idrettslaget", Bergensavisen, 5. januar 2024.

Eigarane

Kvart lag eig badstova si sjølv.

Kven de møter

Erlend og Svein køyrer foreiningsmodellen i heile landet. I Nordland og Troms har Kyrre Midtbø Kalseth i Erlik Pluss ansvaret, under same metodikk.

Erlend Klette

Erlend Klette

dagleg leiar, heile landet

Svein Serkan Erdogan

Svein Serkan Erdogan

arkitekt og fagansvarleg, heile landet

Kyrre Midtbø Kalseth

Kyrre Midtbø Kalseth

Erlik Pluss, Nordland og Troms

Kvalifiserer de?

Vel foreiningstype og medlemstal, og set kva de kan stille med, så ser de med ein gong om det er nok.

Foreiningstype
Medlemmer
Avtale om lokasjon
Eigenandelen dykkar
50 000 kr
0150 000 kr

Dette er ikkje nok enno. Dra vidare, eller ta kontakt så ser me på det saman.

Kor mykje som skal til, kjem an på foreininga: fleire medlemmer gjev tryggare finansiering, og då trengst det mindre. Vurderinga tek me saman med dykk.