i drift

Stanghelle Sauna

Stanghelle · Stanghelle IL

Stanghelle Sauna står i Agnavika i Vaksdal og opna i januar 2025. Ideen kom frå bygda: i 2019 sette Stanghelle Idrettslag av 50 000 kr til eit prosjekt som kunne koma bygda til gode, og eitt av forslaga frå innbyggjarane var eit lite bygg i Agnavika. Styret ville først leggja badstova på vatnet eller på betongkaien, men springflo og bølgjene inne i fjorden gjorde det vanskeleg. Me rådde dei til å setja henne på land, i det bakarste hjørnet av badeplassen, so ho tek minst mogleg av fellesarealet. Det gjorde òg badstova rimelegare og tilkomsten lettare for alle. Ho tek tolv personar, og Sparebanken Vest finansierte henne. Me teikna badstova, tok søknadene, byggjesaka og avtalen med kommunen, og laga nettside, booking og lås. Teige Nes Bygg bygde henne, og Stanghelle Idrettslag eig og driv badstova.

Foto: Yrjan Olsnes

Har de spørsmål om Stanghelle Sauna, eller draum om noko liknande der de bur?

Ta kontaktAlle prosjekta