Personvern

Korleis me handterer opplysningane dine

Me samlar inn så lite som råd. Nettsida vår set ingen informasjonskapslar, og me sporar deg ikkje. Me tel sidevisingar utan å lagre noko om den som besøkjer, og elles tek me vare på det du sjølv skriv inn i eitt av skjemaa våre.

Sist oppdatert 8. august 2026

01

Kven som har ansvaret

Lokalkontoret AS er behandlingsansvarleg for opplysningane som blir samla inn gjennom denne nettsida.

Lokalkontoret AS, org.nr. 931 407 899
Nikolaismauet 2, 5003 Bergen
info@lokalkontoret.no
97 96 97 61

Har du spørsmål om personvern, kan du skriva eller ringja rett til oss. Me har ikkje personvernombod, og treng det heller ikkje ut frå storleiken og verksemda vår.

02

Kva me samlar inn, og kvifor

Foreiningsjekken. Fyller du ut verktøyet på sida for foreiningar, tek me vare på e-postadressa di og det du oppgjev om foreininga: kva slag lag det er, kor mange medlemmer de har, kor stor eigenandel de rår over, om de har avtale om ein stad, og kvar de står i finansieringa. Me brukar det til å svara deg på om foreiningsmodellen passar for dykk.

Vegvisaren. Bed du om å få presentasjonen av arbeidsmodellen tilsend, tek me vare på namnet ditt, e-postadressa di og kva du valde i vegvisaren. Me brukar det til å senda deg presentasjonen og til å skjøna kva du er ute etter.

Grunnlaget for begge er at du sjølv har teke kontakt og bede oss om noko. I personvernforordninga heiter det artikkel 6 nr. 1 bokstav b: tiltak me gjer på di oppmoding før ein eventuell avtale.

Serverloggar. Som alle nettstader blir besøk logga hjå leverandøren som driftar sida. Loggane inneheld mellom anna IP-adressa, kva nettlesar du brukar og tidspunktet. Me brukar dei berre til å halda sida i drift og trygg, og me koplar dei ikkje mot deg som person. Grunnlaget er den rettkomne interessa vår i å driva ei fungerande og sikker nettside (artikkel 6 nr. 1 bokstav f).

Kontaktskjemaet. Sender du inn skjemaet på kontaktsida, tek me vare på namnet ditt, e-postadressa di og det du skriv i meldinga. Oppgjev du telefon, kva slag aktør du er eller kvar de held til, tek me vare på det òg. Me brukar det til å svara deg.

Nyhendebrevet. Melder du deg på, tek me vare på namnet og e-postadressa di, og kva side du melde deg på frå. Namnet blir delt i for- og etternamn hjå Mailchimp. Du får ein e-post der du stadfestar påmeldinga, og grunnlaget er samtykket ditt (artikkel 6 nr. 1 bokstav a). Du kan melda deg av når som helst, med lenkja nedst i kvar e-post.

03

Ingen informasjonskapslar

Nettsida set ingen informasjonskapslar, og ho lagrar ingenting anna på eininga di heller. Me har ingen sporingspikslar og ingen knappar frå sosiale medium som følgjer deg vidare.

Me tel sidevisingar, men berre som tal: for kvar dag lagrar me kor mange gonger kvar side vart opna, og ingenting om den som opna henne. Ingen IP-adresse, ingen identifikator, ingenting som kan førast attende til deg — og difor heller ikkje noko som kan knyte eitt besøk til det neste. Sender du eit skjema, tek me i tillegg vare på kva side du sende det frå og kva nettstad du eventuelt kom frå, so me veit kvar folk finn oss.

Alt du lastar ned når du er innom, kjem frå vårt eige domene. Kartet er teikna av oss, skrifta ligg på vår eigen tenar, og bileta frå Instagram er eit stille uttrekk utan kopling attende. Difor møter du heller ikkje noko samtykkevindauge her: det finst ikkje noko å samtykka til.

04

Kven andre som ser opplysningane

Me sel aldri opplysningar vidare, og me deler dei ikkje med andre enn dei leverandørane me treng for å driva sida:

Vercel Inc. driftar nettsida og lagrar serverloggane.
Google (Google Ireland Ltd.) tek imot varselet om at nokon har fylt ut eit skjema. Det går til eit internt arbeidsrom i Google Chat som berre me har tilgang til.
Intuit Mailchimp held lista for nyhendebrevet, og sender sjølve utsendingane.

Vercel og Mailchimp er amerikanske selskap, så opplysningane blir overførte ut av EØS. Overføringa kviler på standard personvernvilkår frå EU-kommisjonen, som er den vanlege ordninga for slik overføring.

05

Kor lenge me tek vare på det

Førespurnader frå foreiningsjekken og vegvisaren tek me vare på så lenge dialogen varer, og elles i høgda to år etter siste kontakt. Blir det eit oppdrag av det, følgjer opplysningane prosjektet og reglane for rekneskap.

Serverloggane hjå Vercel blir sletta automatisk etter kort tid, typisk nokre dagar.

Vil du at me skal sletta noko før det, held det å seia frå.

06

Rettane dine

Du har rett til å få vita kva me har lagra om deg, og til å få kopi av det. Du kan krevja at me rettar opplysningar som er feil, og at me slettar dei. Du kan be oss avgrensa kva me gjer med dei, du kan få dei utleverte i eit format du kan ta med deg til andre, og du kan protestera mot at me handsamar dei.

Send ein e-post til info@lokalkontoret.no, så svarar me innan ein månad. Det kostar ingenting.

Me tek ingen automatiske avgjerder om deg, og me driv ikkje profilering.

07

Klage

Meiner du at me handterer opplysningane dine feil, vil me helst høyra det frå deg først. Du kan uansett klaga til Datatilsynet, som er tilsynsstyresmakt i Noreg. Du finn kontaktinformasjonen deira på datatilsynet.no.

Endrar me denne erklæringa, oppdaterer me datoen øvst på sida.