I april 2022 ringde Erlend til Svein med ein idé: dei skulle byggje ei offentleg badstove i Samnanger. Dei var gamle vener som hadde mista kontakten, og ingen av dei tenkte på samtalen som starten på eit selskap. Dei hadde jo berre lyst på ei badstove.
Erlend hadde budd i Danmark, der han gjekk på Kaospilot i Aarhus (ei utdanning i å få ting til å skje) og vinterbada med Jomsborg Winter Bathing Club. Den levande, uformelle danske vinterbadekulturen sette seg i han, og den ville han ha med heim til Noreg. Svein var utdanna arkitekt frå Bergen Arkitektskole, og alt i studietida hadde han teikna og bygd si fyrste badstove, på eit masterkurs der Marco Casagrande var lærar.
Dei kom til badstova frå kvar sin kant. Erlend frå badekulturen, frå folka som brukar badstova til å møtast. Svein frå teiknebordet, og frå kurset med Casagrande tok han med seg tanken om badstova som grep i stadutvikling: eit bygg og ein møtestad på éin gong. Det er den same tanken, sett frå to sider. I dag er det Erlend som får folk med seg og ting til å skje, og Svein som veit korleis ei badstove skal teiknast og byggjast så ho held.
Badstova i Samnanger vart Bjørkheim Sauna, og i 2023 vart Lokalkontoret eit selskap. Bjørkheim er framleis fundamentet me byggjer på, og beviset på at ideen heldt i praksis.
Bjørkheim Sauna. Foto: Yrjan Olsnes
Erlend Klette
dagleg leiar
Ansvar for sal, prosess, kundedialog og systemutvikling.
Svein Serkan Erdogan
arkitekt og fagansvarleg
Ansvar for design, bygningsfysikk og teknisk prosjektering.
Andreas Thorell
kontaktperson i Sverige
Driv pilotsatsinga vår i Sverige.
Anerkjenning
Laugarstovo i Ulvik vann Bærekraftsprisen 2025 på Badstukonferansen.
2025Tilboda me utarbeider vinn konkurransar. Tala står på tenester.
4 av 6Samfunnsakupunktur®
Heile arbeidet vårt kviler på éin tanke: små, presise og reversible inngrep kan vekkje eit heilt lokalsamfunn.





