Os Sauna
Osøyro · Os Turnforening
Alt i 2019 skreiv lokalavisa at Steinneset kunne få ei flytande badstove, og sommaren 2023 lyste kommunen ut ein konkurranse om nettopp det. Os Turnforening vann, og laget eig og driv badstova i dag. Ho opna vesle julaftan 2023, med gåve frå Sparebanken Vest. Me teikna henne, skreiv søknadene og laga booking og lås, og Teige Nes Bygg bygde henne. Drifta kviler på dugnad: pensjonistgjengen vaskar, og dugnadsgjengen har badstova for seg sjølv tre formiddagar i veka.
Foto: Yrjan Olsnes
Har de spørsmål om Os Sauna, eller draum om noko liknande der de bur?







