Meland Sauna
Fløksand · Meland Golfklubb
Meland Golfklubb ville først ha ei flytande badstove ved Fløksand, men Forsvarsbygg sa nei fordi staden ligg i eit militært område. Då føreslo klubben sjølv å setja badstova på hjul. Ho måtte bli halvanna tonn lettare for å kunna køyrast på vegen, og veg no under tre tonn på hengaren. Ho er vedfyrt og tek tolv personar, og ho er den einaste badstova me har laga på hjul. Me teikna henne og leidde bygginga, Teige Nes Bygg bygde henne, og klubben eig henne. Ho stod ferdig sommaren 2025.
Illustrasjon
Har de spørsmål om Meland Sauna, eller draum om noko liknande der de bur?



