i drift

Heipiplerka

Sukkerbiten i Oslo · Oslo Badstuforening

Sommaren 2025 fekk me i oppdrag å laga ei åttemanns badstove for Oslo Badstuforening på Sukkerbiten. Alt i henne er innretta mot löylyen. Golvet i badstoverommet er heva etter finsk prinsipp, so du sit over omnen og midt i den varme lufta som stig, og benkene står mot kvarandre langs kvar langvegg. Omnen blir fyrt frå utsida, so døra ikkje står open kvar gong nokon legg på ved. I gavlen er det eit stort vindauge mot Hovedøya. Fasaden er alfuru saga i Bø i Telemark, og taket er bøygd bølgjeblekk i aluminium. Me teikna henne, og Teige Nes Bygg bygde henne med materiale frå Øystein Boge AS.

Heipiplerka på Sukkerbiten, sett lågt frå vest
Illustrasjon
Badstoverommet i Heipiplerka, med vindauget mot Hovedøya
Illustrasjon

Har de spørsmål om Heipiplerka, eller draum om noko liknande der de bur?

Ta kontaktAlle prosjekta