i drift

Gåsa

Sukkerbiten i Oslo · Oslo Badstuforening

Gåsa er ei tolvmanns badstove for Oslo Badstuforening på Sukkerbiten, teikna sommaren 2025 og levert i desember same året. Ho har saltak, fasade i alfuru og to benkenivå inne. Det finaste grepet er ei dør du ikkje ser: ho ligg i kledninga, og gjennom henne fyller badstovemeistrane på ved frå vedlageret utan å gå gjennom rommet der gjestene sit. Omnen er ein Narvi 30 som Narvi laga spesielt til henne, med forsterka tak i brennkammeret.

Har de spørsmål om Gåsa, eller draum om noko liknande der de bur?

Ta kontaktAlle prosjekta