08 · i drift

Langevåg Sauna

Langevåg på Bømlo · Bømlo IL

Langevåg på Bømlo · Bømlo IL
2 bilete

Langevåg Sauna er ei flytande badstove i Langevåg på Bømlo, etablert saman med Bømlo Idrettslag som ein del av foreiningsmodellen. Ho ligg sentralt i lokalmiljøet og er meint som eit lågterskeltilbod i kvardagen. Konstruksjonen er tilpassa det opne kystklimaet, med flytebrygge, isolert kropp og ei fasadekledning vald for lang drift utan tunge vedlikehaldsoppgåver. Drifta er sjølvbetent gjennom lås- og bookingsystemet vårt, so brukarane kan koma og gå når dei sjølve vil. Badstova opna hausten 2025 og har sidan vorte teken godt imot som ein fast del av lokalmiljøet i Langevåg.

Har de spørsmål om Langevåg Sauna, eller draum om noko liknande der de bur?

Ta kontaktAlle prosjekta