Storebø Sauna
Storebø · Austevoll IK
Storebø Sauna står ytst på Prestaneset ved Storebø Brygge på Austevoll, på ein gammal betongkai i friluftsområdet. Ho får stå der so lenge ho er open for alle, og det var eit vilkår for løyvet. Me teikna henne med ei skyvedør på kvar langside, so badarane kan gå til og frå sjøen delvis i le av badstova, og me tok byggjesaka. Teige Nes Bygg bygde modulen, og han vart sett på plass 20. desember 2024. Austevoll Idrettsklubb opna badstova i januar 2025, og Sparebanken Vest finansierte henne.
Illustrasjon
Har de spørsmål om Storebø Sauna, eller draum om noko liknande der de bur?


