Laugarstovo
Ulvik · Prestakaien Laugarlag
Laugarstovo er eit gammalt naust på Prestakaien i Ulvik som no er badstove. Naustet er Sefrak-registrert og høyrde før til prestegarden. Badstova er ein sjølvstendig struktur i massivtre inne i naustet, teikna slik at alt kan takast ut att og naustet står som før. Me teikna henne, tok byggjesaka og laga nettside og lås, og Prestakaien Laugarlag driv henne. Prosjektet vann Bærekraftsprisen 2025 på Badstukonferansen i Oslo.
Har de spørsmål om Laugarstovo, eller draum om noko liknande der de bur?






