Idrettslaget og vinterbadarane treng kvarandre
Etter Arendalsuka: om styrkebasert lokalsamfunnsutvikling, og kvifor dei som har strukturen og dei som har lysta så sjeldan finn kvarandre.
Me var ei veke i Arendal, og i Frivillighetsteltet snakka me om badstova som samfunnsakupunktur. Det me tok med oss heim, kom likevel frå eit anna føredrag. Rita Agdal frå Høgskulen på Vestlandet snakka om styrkebasert lokalsamfunnsutvikling, på engelsk Asset-Based Community Development (ABCD). Me har kjent til omgrepet ei stund, men det var fyrst no me såg kor godt det skildrar det me sjølve held på med.
Tanken er at ein ikkje byrjar med å kartleggja kva eit lokalsamfunn manglar. Ein byrjar med det som alt finst der, folka, laga, kunnskapen og lokala, og spør kva ein kan få til med det. Det er ein annan måte å sjå ei bygd på enn den me er vane med frå planprosessar, der utgangspunktet nesten alltid er eit behov nokon andre skal dekkja.
Strategien ber om medverknad, men nokon må gjera arbeidet
I juni la regjeringa fram den nye arkitekturstrategien, "Rom for kvalitet". Der står det at involvering "kan bidra til å fremme eierskap, tilhørighet og langsiktig brukervennlighet". Det er me samde i. Men mellom ein strategi og ein ny møteplass i ei bygd ligg søknader, budsjett, ei byggjesak og nokon som må ta på seg arbeidet på kveldstid. Det er der mange gode idear stoppar.
Lokalsamfunnet har to ressursar som sjeldan møtest
I dei fleste bygdene me kjem til, finst det eit idrettslag, gjerne nær hundre år gamalt. Laget har styre, rekneskap og eit godt namn hjå kommunen, det veit korleis ein søkjer støtte, og det får folk ut på dugnad.
Så finst det ei gruppe som ikkje står i noko register: vinterbadarane som møtest på stranda om morgonen og har snakka om ei badstove i årevis. Dei har lysta og kunnskapen, og dei veit kvar badstova skal stå. Det dei ikkje har, er organisasjonen og pengane som laget sit på.
Likevel finn dei sjeldan kvarandre åleine. Styret i idrettslaget vegrar seg for eit prosjekt utanfor fotballen og turnen, fordi det kjennest som risiko og meirarbeid for folk som alt har nok å gjera. Og vinterbadarane tenkjer ikkje på idrettslaget i det heile, sidan dei ikkje driv med idrett.
Me koplar dei og tek arbeidet som stoppar dei
Det er dette me prøver å løysa. Gjennom foreiningsmodellen tek me søknadsskrivinga, prosjekteringa, budsjettet og dialogen med kommunen, slik at styret ikkje sit att med risikoen. Vinterbadarane kan bli ei ny undergruppe i laget, med ansvar for drifta og eit lag i ryggen. Laget får ein aktivitet som ber seg sjølv og gjev inntekter til arbeidet med born og unge, og badarane får badstova si.
At nye aktivitetar finn vegen inn i idrettslaga, er ikkje nytt. E-sporten brukte lang tid frå ungdomsrommet til å bli eit tilbod i mange idrettslag. Det gjekk av seg sjølv, men det gjekk seint. Me trur det kan gå mykje fortare når nokon tek på seg å kopla partane og gjera det tunge arbeidet i starten, og at det same gjeld for klatreparkar og fleirbrukshus som for badstover.
Skrive av Erlend Klette
dagleg leiar · 20. august 2025
