Alle tankar
Essay · lengre lesnad

Samfunnsakupunktur®: kirurgisk områdeutvikling i turbomodus

Aktiveringsenergi: latent potensial som blir frigjort. Om ein annan og kvikkare måte å driva områdeutvikling på, eitt punkt om gongen.

Erlend Klette·dagleg leiar4. april 2025

Kjenner du det att? Planprosessar som sig fram som sirup i motbakke. Kostnader som galopperer lenge før spaden har smaka jord. Godt engasjement som sakte, men sikkert, renn ut medan søknader og utgreiingar går sin gang. Det er ingen sin feil: ein plan som skal gjelda for mange i mange år, tek tid.

Me i Lokalkontoret meiner det finst ein veg til, ved sida av planen. Me kallar han "Samfunnsakupunktur®". Det er den varemerkeregistrerte filosofien og metoden vår, måten me arbeider på for å skapa liv der det trengst mest. Inspirasjonen henta me mellom anna frå Marco Casagrande sitt omgrep "urban acupuncture", men me tok ideen vidare: ut frå dei store byane, og inn i hjarta av norske bygder og tettstader, som har sitt eige DNA og sine eigne utfordringar og moglegheiter.

Planen og punktet

I Arna var badstova ein sentral del av planforslaget for Indre Arna, så kommunen ville ha ho der. Planforslaget var ute på høyring hausten 2023 og er framleis ikkje vedteke. Badstova ved Øyrane Torg har likevel vore open sidan desember 2024, på eit mellombels løyve i fem år som vart grunngjeve med det same planforslaget.

Ein områdeplan bind alle i tiår, og då må han ta tid. Ei badstove bind ingen og kan takast bort att, så ho treng ikkje venta. Frå kontrakt til opna badstove går det som regel seks til tolv månader, og kjem folk, har badstova vist at planforslaget tok rett. Planen har framleis siste ordet.

Å senka aktiveringsenergien

Korleis får me det til å skje? Svaret ligg i eit omgrep me låner frå kjemien: aktiveringsenergi. Tenk på all energien, viljen og kunnskapen som ligg latent i kvart einaste lokalsamfunn. Hjå idrettslaget som drøymer om betre fasilitetar. Hjå bygdelaget som vil ha ein samlingsstad. Hjå eldsjelene som brenn for bygda si. Problemet er at aktiveringsenergien, altså det som krevst for faktisk å koma i gang, ofte er skyhøg: eit fjell av søknader, finansiering, reguleringsplanar, anbodsprosessar og prosjektleiing. Nok til å ta motet frå dei fleste.

Det er her me kjem inn, som katalysator. Me tek vektløftinga: navigerer byråkratiet, hjelper med å finna finansiering (ofte utanfor dei kommunale budsjetta, gjerne via gåvemidlar og vår eigen risikovillige modell), teiknar, byggjer og utviklar driftssystem. Kort sagt senkar me terskelen så mykje at den lokale energien slepp fri og vert til handling.

Resultatet er noko av det kjekkaste me veit. Prosjekt som har vore ein fjern draum, vert handfast røyndom. Stader som låg i dvale, vaknar. Lokale lag får nye inntektskjelder og betre rammer for aktiviteten sin. Me fjernar hindringane, slik at lokalsamfunnet sjølv kan ta eigarskap og skapa den framtida dei ynskjer.

Det bygda alt har

Samfunnsakupunktur® er ikkje trylleri. Det er hardt arbeid kombinert med smart tenking. Planlegging byrjar gjerne med det bygda manglar, og for vegar og vatn er det rett. Me byrjar med det som alt finst: laget med styre og dugnadsfolk, og eldsjelene med lysta (fagfolka kallar det ABCD). Då løyser badstova ut energi som alt var der, og bygda eig henne sjølv.

«Me byggjer på det bygda har.»

Skrive av Erlend Klette

dagleg leiar · 4. april 2025

Fleire tankar

Essay

Lite med vilje

Essay

Er marknaden for badstover metta?