Alle tankar
Essay · lengre lesnad

Er marknaden for badstover metta?

Interessa frå nye badstovestiftarar dalar, medan dei etablerte operatørane veks så det knakar. Kva er det som skjer i marknaden?

Erlend Klette·dagleg leiar18. desember 2025

Me registrerer for tida eit tydeleg avvik i badstovemarknaden. Interessa frå nye badstovestiftarar dalar, samstundes som dei etablerte operatørane veks kraftig. Aktørane som alt er i drift, investerer no i utvidingar, fordi dei ser at kundegrunnlaget veks i takt med tilbodet. Blant dei nye initiativa har det derimot stoppa opp. Me trur det skuldast ei feilaktig oppfatning om at marknaden er metta, gjerne fordi det alt har kome ei badstove i nærmiljøet.

Den viktigaste temperaturmålaren vår på gründerinteressa er dei digitale rettleiingsrapportane: éin hjå Norges Badstulaug og éin på vår eiga nettside. Grafane under viser ein bratt nedgang gjennom hausten i talet på personar og prosjekt som prøver å setja seg inn i kva det krev å etablera ei offentleg tilgjengeleg badstove.

Graf som viser fallande tal på rettleiingsrapportar gjennom hausten

Trenden er tydeleg, og november vart den svakaste månaden så langt. Me ser det same på vår eiga nettside, som òg er ein god indikator på interessa: me er det einaste arkitektkontoret i Noreg som berre arbeider med offentleg tilgjengelege badstover.

Graf som viser fallande trafikk på lokalkontoret.no gjennom hausten

Samstundes som førespurnadene frå nye badstovestiftarar og trafikken på nettsida fell, ser me eit stort oppsving i tingingar og prosjekt frå etablerte operatørar. Me har no prosjekt og samarbeid i alle dei fem største byane i landet.

Frykta for metting byggjer etter vårt syn på ei misforståing av korleis badstovemarknaden verkar. Økonomifaget har eit omgrep for det: latent etterspurnad, altså behov folk ikkje veit dei har før tilbodet står der. Mange ser på heimstaden sin og tenkjer at sidan ingen har etterlyst badstove, er det ingen som vil ha ei. Eller dei misser motet fordi det alt finst ei badstove i nabobygda. Men ei badstove er ikkje som andre varer og tenester, der ein husstand konsumerer om lag same mengda uansett kor stort tilbodet er. Badstova liknar meir på vegnettet: når vegen kjem, kjem trafikken. I Noreg finst det eit konstant og udekt behov for varme, lys og lågterskel møteplassar utan telefon og alkohol. Behovet er usynleg heilt til nokon tilbyr løysinga, og difor veks etterspurnaden for kvar badstove som opnar. Frå eit reint økonomisk perspektiv er ein difor gjerne betre tent med å etablera seg i ein småby som alt har badstovekultur, enn å vera den fyrste som må byggja marknaden åleine.

Graf som viser aukande tal på nyhendesaker og søk på badstover

Ser ein på talet på nyhendesaker og søk på badstover, er trenden like tydeleg. Og nettopp alle nyhendesakene kan vera noko av forklaringa på at færre nye tek til. Når det stadig kjem saker om nye opningar, og kvar opning gjerne vart sett i gang eit år tidlegare, er det lett å få inntrykk av at «no er det altfor mange badstover» og «dette er ei boble». For å få eit betre bilete tok me kontakt med dei av kundane våre som hadde drift i både 2024 og 2025, og spurde kva omsetnadsvekst dei såg.

Graf som viser tosifra omsetnadsvekst hjå etablerte operatørar frå 2024 til 2025

Svara teiknar eit eintydig bilete, og i dialog med andre aktørar høyrer me det same: ingen ser noko anna enn tosifra prosentvekst i marknaden no.

Veksttala avslører samstundes ein tydeleg kvalitetsprofil. Anlegga som veks mest, er konsekvent dei som har lagt mest i stadstilpassing, arkitektur og kvalitet. Publikum er vortne meir kresne og søkjer mot gjennomtenkte løysingar som gjev ei heilskapleg oppleving, framfor enkle, prefabrikkerte kasser. For nokre år sidan kunne ein nesten setja opp kva som helst. Slik er det ikkje lenger. Tala frå kundane våre viser at «tønnebonanzaen» er over, og at «arkitekturbølgja» er i full gang.

Dei som kjenner Lokalkontoret, veit kva me arbeider for: at den norske badstovebølgja skal gje flest mogleg vakre og haldbare badstover som er tilgjengelege for folk flest. Skal me nå dit, treng me ein dynamisk marknad med eit mangfald av aktørar. Det tener få om marknaden vert dominert av store kjeder som åleine kan diktera prisnivået og einsretta opplevinga. Me treng sjølvstendige operatørar som satsar lokalt, leverer kvalitet og lèt verdiskapinga bli verande i lokalsamfunnet. At det alt finst aktivitet i området ditt, er ikkje eit raudt lys. Det er eit signal om at tida er inne for å satsa på kvalitet.

Skrive av Erlend Klette

dagleg leiar · 18. desember 2025

Fleire tankar
Essay

Sprengkrafta i styrkebasert lokalsamfunnsutvikling

Essay

Samfunnsakupunktur®: Når sleggja blir bytta ut med nål