Alle tankar
Nyhende · kort notis

Lågterskelbadstover til folket, og idrettslag som tener på det

Erlend Klette·13. desember 2024
9
fullfinansierte prosjekt på halvtanna år, til ein samla verdi av seks millionar kroner.

Badstovene er heileigde av idrettslag, og salsinntektene går uavkorta til laget. Bergensavisen skreiv om modellen 7. desember.

Fem badstover og 14 idrettslag på halvtanna år

Det siste halvtanna året har me opna fem badstover og skrive samarbeidsavtalar med 14 idrettslag. Lokale sparebankar har i same periode fullfinansiert ni prosjekt, til saman 6 millionar kroner. Os Turnforening fekk badstova si for eit år sidan og har sidan omsett for 750 000 kr, pengar som går rett til arbeidet laget gjer for born og unge.

Menon Economics har rekna ut at kvar krone sparebankane gjev til allmennyttige føremål, i snitt gjev 3,1 kroner i samfunnsøkonomisk verdi. Ei badstove gjev i tillegg laget 0,5–1 krone i inntekt kvart år for kvar krone banken gav, og den effekten er ikkje med i reknestykket til Menon.

I 2025 reknar me med å opna fem eller seks nye badstover. Vurderer du ei badstove der du bur, så ta kontakt.

Skrive av Erlend Klette

dagleg leiar · 13. desember 2024

Fleire tankar

Essay

Lite med vilje

Essay

Er marknaden for badstover metta?