Alle tankar
Essay · lengre lesnad

Frå partnarskap til fellesskap

Me utforskar korleis offentleg, privat og frivillig samarbeid kan skapa varige og berekraftige løysingar.

Erlend Klette·dagleg leiar17. oktober 2024

Når me samarbeider på tvers av offentleg, privat og frivillig sektor, nyttar me noko me kallar «POF-samarbeid»: privat, offentleg og frivillig samarbeid. Tilnærminga gjev oss fleksibilitet til å møta dei unike behova i kvart lokalsamfunn me arbeider i, og til å ta partnarskapen vidare til fellesskap.

Maureen Mackintosh, professor i økonomi ved Open University, har arbeidd mykje med slike trilaterale samarbeid og skildrar tre modellar: synergimodellen, transformasjonsmodellen og budsjettutvidingsmodellen. Synergi oppstår når dei tre partane bidreg med kvar sine ressursar og kvar sin kompetanse, og saman skaper meir enn dei kunne åleine. Transformasjonsmodellen handlar om korleis partane lærer av kvarandre, tilpassar seg over tid og utviklar nye og betre måtar å samarbeida på. Budsjettutvidingsmodellen viser til at samarbeidet kan opna dører til finansiering som ingen av partane når fram til åleine.

Modellane er ikkje berre teori for oss. Dei er eit rammeverk for korleis me arbeider. Men slike samarbeid har òg utfordringar. Mackintosh åtvarar særleg mot skeiv maktfordeling, der private aktørar, spesielt dei store, kan enda opp med å dominera prosessane. Det er me svært medvitne om i prosjekta våre. Me arbeider alltid for ei rettferdig fordeling av makt og ansvar, og tryggjer interessene til dei ideelle gjennom eit solid juridisk rammeverk og ved å verva kommunane som ein slags rettferdsgarantist.

Gjennom POF-samarbeidet nyttar me element frå alle dei tre modellane til Mackintosh for å oppnå varige og berekraftige resultat. Offentlege aktørar med regulative ressursar, private med teknisk kompetanse og frivillige med tilgang til lokalbefolkninga kan saman skapa meirverdi for lokalsamfunnet. Difor handlar prosjekta våre ikkje berre om å byggja noko fysisk, men om å byggja eit fellesskap som varer.

Sasha Tsenkova, professor i planlegging og internasjonal utvikling ved University of Calgary, har på si side understreka kor avgjerande det er at lokalsamfunnet har ei sentral rolle i prosjektutviklinga. Forskinga hennar viser at partnarskap der folk i området faktisk bidreg, gjev betre og meir berekraftige resultat. Det ser me tydeleg når me samarbeider med lokale idrettslag og organisasjonar: me får innsikt i kva folk faktisk treng og ynskjer, og det styrkjer både relevansen og legitimiteten til prosjekta. Utan dei ideelle vert samarbeidet fort likt eit tradisjonelt offentleg-privat samarbeid, der lokalbefolkninga sjeldan får høve til å påverka utforminga.

Eit godt samarbeid krev at alle partar får bidra med det dei kan best. Dei offentlege kjenner areal, regulering og planar. Dei private har kompetanse og ressursar til å gjennomføra byggjeprosjekta. Dei frivillige har lokalkunnskap og eit genuint engasjement for staden sin. Kombinerer ein desse ressursane, kan ein utvikla prosjekt som ikkje berre møter behova i dag, men som bidreg til varig positiv utvikling. Gjennom POF-rammeverket vil me ikkje berre realisera berekraftige prosjekt. Me vil byggja fellesskap rundt dei. Den som har fått vera med å forma prosjektet, kjenner eigarskap til det som vert skapt, og då får resultatet òg større oppslutnad i lokalbefolkninga.

Skrive av Erlend Klette

dagleg leiar · 17. oktober 2024

Fleire tankar
Essay

Er marknaden for badstover metta?

Essay

Sprengkrafta i styrkebasert lokalsamfunnsutvikling