Spørsmål · Søknad

«Er flytende badstue søknadspliktig?»

Ja. Plan- og bygningslova gjeld på sjøen òg, og ei flytande badstove er eit tiltak sjølv om ho ikkje er ein bygning. Skal ho liggje lenger enn 2 månader, er ho søknadspliktig, og er ho permanent, krev ho i tillegg ansvarlege føretak. Kor lenge ho skal liggje, er difor det første spørsmålet.

Ei flytande badstove møter dei same reglane som ei på land, og nokre til. Kartet viser kvar dei kjem inn.

Kartet

Fem avgjerder, i den rekkjefølgja dei kjem

  1. Permanent eller mellombels

    Ligg badstova på same staden i inntil 2 år, er ho mellombels: planen er då ikkje bindande, og byggjeforbodet langs sjøen gjeld ikkje. Kommunen kan likevel seie nei om ho er i vegen for ferdsel og friluftsliv. Kjem ho att på same staden kvar sesong, kan ho bli rekna som permanent.

  2. Planen for sjøområdet

    Permanent plassering krev at planen for sjøområdet opnar for tiltaket, eller at kommunen gjev dispensasjon. Byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen kjem òg inn.

  3. Hamna og farleia

    Tiltak i sjø kan krevje løyve frå hamnestyresmakta i tillegg til byggjeløyvet. Kommunar har sett det som vilkår før byggjestart, så det bør avklarast tidleg.

  4. Flåten og bygget

    For ei permanent badstove er flåten ein konstruksjon, medan badstova oppå er ein bygning der krava gjeld fullt ut. Det merkar ein særleg i universell utforming, der overgangen frå brygge til badstove sjeldan let seg løyse heilt.

  5. Ansvarleg søkjar

    Ei permanent flytande badstove krev ansvarlege føretak, same kor lita ho er. Den ansvarlege søkjaren held saka saman mot kommunen og dei andre instansane.

Me teiknar flytande badstover og tek byggjesaka for dei, òg når andre har teikna.

Ta ein prat med oss
Fleire spørsmål

Andre spør òg om

Søknad

«Er badstue søknadspliktig?»

Ei badstove som skal vere open for andre, er nesten alltid søknadspliktig. Unntaket for små frittståande bygg gjeld berre på ei tomt som alt har hus, og ikkje når badstova har pipe. Om ho krev søknad, og kva slags, avheng av kor lenge ho skal stå, kvar ho skal stå og kva planen seier om staden.

Sjå heile kartet
Plassering

«Kan man bygge badstue i strandsonen?»

Ja, men sjeldan utan vidare. Langs sjøen er det byggjeforbod i 100-metersbeltet, så ei permanent badstove der treng anten ei byggjegrense i planen eller ein dispensasjon. Står badstova i inntil 2 år, er ho ikkje omfatta av forbodet, men kommunen kan seie nei om ho stengjer for ferdsel og friluftsliv.

Sjå heile kartet
Plassering

«Når i prosessen låses valget mellom flytende og land?»

Valet bør takast før skissa og førehandskonferansen, fordi det endrar heile løpet: kva planen må opne for, om hamnestyresmakta skal inn, kva ansvar lova krev og kva som går an med universell utforming. I Stanghelle valde me land fordi fjorden er open, med bølgjer og springflo, og det vart òg rimelegare.

UU

«Vil det være noen krav til universell utforming til en slik badstue, enten om den er på land eller på flåte?»

Ja, ei badstove som er open for publikum, skal i utgangspunktet vere universelt utforma på land og på flåte. På ein flåte let tilkomsten seg sjeldan løyse fullt ut, og då kan dei delane som ikkje kan brukast av alle, få unntak. Kontrastar, dørhandtak og lys inne er rimelege å løyse og bør vere med likevel.

Ta ein prat med oss