Ja, men sjeldan utan vidare. Langs sjøen er det byggjeforbod i 100-metersbeltet, så ei permanent badstove der treng anten ei byggjegrense i planen eller ein dispensasjon. Står badstova i inntil 2 år, er ho ikkje omfatta av forbodet, men kommunen kan seie nei om ho stengjer for ferdsel og friluftsliv.
Strandsona er der dei fleste vil ha badstova, og der reglane er strengast. Desse avgjerdene avgjer kor tungt det blir.
Kartet
Seks avgjerder, i den rekkjefølgja dei kjem
01
Sjø eller vassdrag
Byggjeforbodet i 100-metersbeltet gjeld langs sjøen. Ved elv og innsjø gjeld det berre der kommunen har fastsett det i planen, men omsynet til natur, friluftsliv og landskap gjeld uansett.
02
Byggjegrense i planen
Har planen ei byggjegrense mot sjøen, gjeld ikkje forbodet så langt grensa rekk. Det er grensa som tel, ikkje formålet åleine.
03
Permanent eller mellombels
Ei badstove som står i inntil 2 år, treng ikkje dispensasjon frå forbodet. Då vurderer kommunen i staden om ho er til ulempe for ferdsel og friluftsliv.
04
Naust, kai eller brygge
Å byggje på noko som alt står der, er ofte den lettaste vegen. Eit naust som blir gjort om til badstove, krev likevel søknad om bruksendring, og verna bygg har eigne reglar.
05
Tilgang for ålmenta
Byggjeforbodet skal sikre at folk kjem til sjøen. Ei badstove som er open for alle og ikkje stengjer for ferdsel langs vatnet, står difor sterkare enn ei privat.
06
Statsforvaltaren og tida
Ved dispensasjon i strandsona skal statsforvaltaren som regel få høve til å uttale seg, og vedtaket kan bli påklaga. Set av tid til det i planen for prosjektet.
Me teiknar badstover for strandsona, frå eit verna naust i Ulvik til badstover som flyt på fjorden, og tek byggjesaka med dispensasjonane.
Ja, men det krev søknad. Regelverket skil mellom lagerrom, som eit naust, og rom som badstove og toalett, så å gjere om naustet er ei søknadspliktig bruksendring. Får badstova vedomn og pipe, krev det ansvarlege føretak. Er naustet verna eller freda, kjem det eigne reglar i tillegg.
Søknad
«Hvor vanskelig er det vanligvis å få dispensasjon?»
Det avheng mest av staden. Kommunen kan berre gje dispensasjon når omsyna bak regelen ikkje blir vesentleg sette til side, og fordelane ved å gjere unntak er klart større enn ulempene. I vedtaka me har lese, går det oftast lettast på noko som alt er bygd ut, og tyngst når badstova privatiserer strandsona.
Søknad
«Er flytende badstue søknadspliktig?»
Ja. Plan- og bygningslova gjeld på sjøen òg, og ei flytande badstove er eit tiltak sjølv om ho ikkje er ein bygning. Skal ho liggje lenger enn 2 månader, er ho søknadspliktig, og er ho permanent, krev ho i tillegg ansvarlege føretak. Kor lenge ho skal liggje, er difor det første spørsmålet.
Det er to ulike vegar. Inntil 2 år er badstova eit mellombels tiltak: planen er ikkje bindande, og kommunen vurderer om ho er til ulempe for omgivnadene. Skal ho stå lenger, er ho permanent, og ein dispensasjon på fleire år krev langt på veg same vilkår som ein vanleg, og at bygget held dei tekniske krava fullt ut.