Spørsmål · Hygiene og meldeplikt

«Hvilke krav gjelder for en badstue som er åpen for andre?»

To regelverk gjeld samstundes. Byggjesaka avgjer korleis badstova skal byggjast, og forskrifta for badeanlegg, bassengbad og badstu avgjer korleis ho skal driftast. Forskrifta krev at de melder badstova til kommunen før ho opnar og har internkontroll i drifta, men ho krev ikkje godkjenning.

Mange oppdagar driftskrava seint, ofte når tilsynsbrevet kjem. Kartet viser kva som gjeld når, frå byggjesak til drift.

Kartet

Fem avgjerder, i den rekkjefølgja dei kjem

  1. Byggjesaka først

    Badstova må ha ferdigattest eller mellombels bruksløyve før ho blir teken i bruk. Det er byggjesaka som set dei tekniske krava.

  2. Brann og pipe

    For ei vedfyrt badstove er brannsikringa ofte det tekniske hovudtemaet, med omn, pipe, avstand til brennbart og feiing. Ta kontakt med feiarvesenet tidleg.

  3. Universell utforming

    Badstover som er opne for publikum, skal i utgangspunktet vere universelt utforma. Der tilkomsten ikkje kan løysast, til dømes på ein flåte, kan krava tilpassast, men det må grunngjevast.

  4. Melding før opning

    Badstova skal meldast til miljøretta helsevern i kommunen før ho opnar. Det er ei meldeplikt, så de treng ikkje vente på vedtak. Men dokumentasjonen må vere klar.

  5. Internkontroll i drifta

    Drifta skal ha eit skriftleg system for ansvar, reinhald, risiko og beredskap, og det skal følgjast i praksis. Kommunen kan føre tilsyn, varsla eller uvarsla.

Me lagar dokumenta badstova skal meldast med, òg for badstover andre har teikna eller bygd.

Ta ein prat med oss
Fleire spørsmål

Andre spør òg om

Hygiene og meldeplikt

«Er det kommunen som har ansvar for at driften er i samsvar med helsekrav?»

Nei, ansvaret ligg hjå den som eig eller driv badstova. Det er dei som skal melde anlegget, ha internkontroll og følgje rutinane, medan kommunen fører tilsyn gjennom miljøretta helsevern. Leiger kommunen ut grunnen, bør leigeavtalen seie tydeleg kven som har ansvaret for drift, tilsyn og forsikring.

Drift og økonomi

«Renhold, må vi ha et selskap eller kan vi ha ungdommer på dugnad?»

Forskrifta krev ikkje eit reinhaldsfirma, men ho krev skrivne rutinar som blir følgde og dokumenterte. Dugnad går fint når det står kva som skal vaskast, kor ofte og av kven, så ein vikar kan ta over utan å improvisere. Éin person bør eige reinhaldsplanen, sjølv om arbeidet blir delt.

UU

«Vil det være noen krav til universell utforming til en slik badstue, enten om den er på land eller på flåte?»

Ja, ei badstove som er open for publikum, skal i utgangspunktet vere universelt utforma på land og på flåte. På ein flåte let tilkomsten seg sjeldan løyse fullt ut, og då kan dei delane som ikkje kan brukast av alle, få unntak. Kontrastar, dørhandtak og lys inne er rimelege å løyse og bør vere med likevel.

Søknad

«Er badstue søknadspliktig?»

Ei badstove som skal vere open for andre, er nesten alltid søknadspliktig. Unntaket for små frittståande bygg gjeld berre på ei tomt som alt har hus, og ikkje når badstova har pipe. Om ho krev søknad, og kva slags, avheng av kor lenge ho skal stå, kvar ho skal stå og kva planen seier om staden.

Sjå heile kartet
Ta ein prat med oss