Spørsmål · Teknisk

«Hvordan ventilere en badstue?»

Med vedomn er pipa sjølve avtrekket, og jobben er å gje ho nok frisk luft lågt ved omnen. Med elektrisk omn i ei frittståande badstove trengst som regel ei vifte som trekkjer lufta ut lågt på motsett side. Er badstova open for andre, må luftskiftet reknast for fullt rom, og ei avtrekksvifte må aldri dra mot pipa.

Ventilasjon i ei badstove er eit val av prinsipp før det blir eit spørsmål om ventilar. Avgjerdene kjem i denne rekkjefølgja.

Kartet

Seks avgjerder, i den rekkjefølgja dei kjem

  1. Vedomn eller elektrisk

    Vedomnen driv sin eigen ventilasjon gjennom pipa. Ein elektrisk omn varmar lufta utan å bruke ho, og lagar ikkje noko trekk ut av rommet. Difor avgjer omnen kva prinsipp resten byggjer på.

  2. Frittståande eller inne

    Ei frittståande badstove kan hente luft rett frå ute. Står ho inne i eit bygg, er balansert mekanisk ventilasjon som regel rett, og i ein kjellar utan uteluft er det det einaste som verkar.

  3. Storleik, form og glas

    Eit lite, kvadratisk rom toler det meste. Avlange rom, store rom og store glasflater gjev kalde soner og ujamn varme, og krev meir gjennomtenkt luftføring.

  4. Kor mange som sit der

    Brukarane tilfører fukt og tek varme frå rommet, så både luftmengda og omneffekten må dimensjonerast for fullt rom. Her skil offentlege badstover seg frå private.

  5. Tilluft og avtrekk

    Frisk luft skal kome inn ved omnen, så ho blir varma før ho når dei som sit. Med vifte skal avtrekket sitje lågt og diagonalt motsett, aldri på same vegg, elles går lufta rett ut utan å sirkulere. Med vedomn er pipa avtrekket: ei låg opning lenger borte i rommet slepp kald luft inn i staden for ut, så ekstra lufting i eit stort rom skjer gjennom ventilar høgt oppe.

  6. Tørking etter bruk

    Etter bruk skal rommet tørke, og det er den viktigaste rutinen for at benkar og veggar varer. Rommet skal luftast godt medan det enno er varmt, ikkje kjølast ned først, for det er varmen og luftskiftet saman som tørkar. I sjølvbetente badstover kan ingen rekne med at brukarane hugsar spjelda, så dei bør anten styrast av omnen eller vere faste opningar som alltid står opne.

Me prosjekterer ventilasjonen saman med omnen og veggen, fordi dei verkar saman.

Ta ein prat med oss
Fleire spørsmål

Andre spør òg om

Teknisk

«Hvordan isolere en badstue uten å få fukt i veggene?»

Vanleg er aluminiumsfolie, som verkar så lenge folien er heil og veggen kan tørke ut mot utsida, noko som er usikkert ved kysten. Me byggjer veggene med trefiber og ein dampbrems som slepp fukt ut att, så tørr badstoveluft dreg fukta ut når rommet blir tørka etterpå. Overgangen mot taket og gjennomføringar er kritiske.

Teknisk

«Er det mulig å ha større vindusflater i badstua?»

Det går, men glas kostar varme, og omnen må veljast større for kvar kvadratmeter glas. Glasflater gjev kalde soner og kaldras, og mindre treflate gjev mindre löyly. Med elektrisk omn og over éin kvadratmeter glas bør badstova ha mekanisk avtrekk, og med vedomn må ho vere balansert, så ho ikkje dreg mot pipa.

Drift og økonomi

«Hva er forventet levetid på badstuen?»

Kor lenge ei badstove varer, avheng mest av at ho blir tørka etter bruk: rotnar benkar og panel tidleg, er det som regel fordi rommet ikkje får tørke. Steinane i omnen går fortast, og benkane må slipast og skiftast med nokre års mellomrom. Slik me byggjer no, kan panel og benkar skiftast utan å røre fuktsikringa.

Ta ein prat med oss