Spørsmål · Kvar startar me

«Hvordan starte en badstue?»

Start med å finne ut om staden let seg bruke, før de teiknar noko. Dei tre første avgjerdene er kven som står bak prosjektet, kva planen seier om staden og om grunneigaren seier ja. Etter det kjem finansiering, skisse, møte med kommunen, søknad, bygging og melding til kommunen før de opnar.

Dei fleste som tek kontakt, har ein stad og ein idé, men ikkje ei rekkjefølgje. Her er avgjerdene i den rekkjefølgja dei bør takast, og kvifor.

Kartet

Seks avgjerder, i den rekkjefølgja dei kjem

  1. Kven som står bak

    Avklar tidleg kva juridisk person som skal eige og søkje, anten det er laget, ei foreining eller eit aksjeselskap. Det avgjer kva de kan søkje støtte til, kva vilkår de får på kommunal grunn, og kven kommunen forhandlar med.

  2. Stad og grunneigar

    Byggjeløyvet gjev ingen rett til å bruke grunnen, og kommunen avviser søknaden om det er openbert at de manglar den retten. Eit ja frå grunneigaren bør difor liggje føre før søknaden, og er grunnen kommunal, kan tildelinga vere ein tenestekonsesjon som kommunen må lyse ut.

  3. Planen for staden

    Arealformålet i planen avgjer kva som kan byggjast utan vidare, kva som krev dispensasjon og kva som i praksis krev ny plan. Ligg staden ved sjøen eller i eit statleg sikra friluftsområde, blir rammene strammare.

  4. Finansiering før bygging

    Pengane må vere på plass før de bind dykk til bygging. Sparebankane har stramma inn sidan 2025, så frivillige lag må oftast kombinere eigeninnsats, stiftingar og mindre tilskot.

  5. Skisse, møte og søknad

    Med stad og plan avklart kan skissa teiknast, og så tek de ein førehandskonferanse med kommunen før søknaden. Den rekkjefølgja sparer dykk for teikningar som må gjerast om.

  6. Bygging og melding

    Medan badstova blir bygd, førebur de drifta. Før opning skal ho meldast til miljøretta helsevern i kommunen, med rutinar for reinhald og beredskap.

Me tek dette løpet saman med lag, foreiningar og verksemder, frå den første synfaringa til opninga.

Ta ein prat med oss
Fleire spørsmål

Andre spør òg om

Organisering

«Hvem skal stå som "byggherre" mot kommunen?»

Den som skal eige badstova (laget, foreininga eller selskapet), står som tiltakshavar. Ta eit styrevedtak tidleg som seier kven det er, og kven som kan binde organisasjonen i avtalar. Tiltakshavaren er ikkje det same som den ansvarlege søkjaren, som er fagfolka som held saka mot kommunen.

Plassering

«Hva bør inngå i en presentasjon av prosjektet for en grunneier?»

Grunneigaren vil vite kvar badstova skal stå, kor stor ho blir, korleis tilkomst og parkering blir, og kven som tek ansvaret for drift, vedlikehald og forsikring. Vit kva planen seier om staden før de møtest. Finn òg ut kva grunneigaren vil ha: leigeinntekt, meir liv på staden eller å sleppe arbeid og risiko.

Finansiering

«Hvem er det som kan være med å finansiere et slikt prosjekt?»

For lag og foreiningar er eigeninnsats, stiftingar og gåvegjevarar dei vanlegaste kjeldene, og kommunale og fylkeskommunale tilskot til friluftsliv, folkehelse og universell utforming kan kome i tillegg. For eit aksjeselskap er banklån, eigenkapital og investorar det vanlege, og tilskot ber sjeldan eit heilt anlegg.

Kvar startar me

«Hvordan er prosessen med Statsforvalter og NVE?»

Søknaden går alltid til kommunen, og kommunen sender han vidare til dei instansane som skal uttale seg. Statsforvaltaren kjem inn når badstova treng dispensasjon, særleg i strandsona, og NVE kan vere aktuelt ved vassdrag. Ved sjøen kan hamnestyresmakta òg ha eit eige løyve.

Ta ein prat med oss