Spørsmål · Pris

«Hva koster det å bygge en badstue?»

Prisen på ei badstove som skal vere open for andre, blir styrt av kvar ho skal stå, kor stor ho er, korleis ho er bygd og kor mykje byggjesaka krev. Eit realistisk spenn går an å gje så snart staden og storleiken er kjende.

Kostnaden for ei badstove er summen av nokre få val, og dei fleste blir tekne tidleg. Kartet viser kva som driv prisen, og når i løpet det går an å få eit tal.

Kartet

Seks avgjerder, i den rekkjefølgja dei kjem

  1. Kvar ho skal stå

    Land, kai eller flåte er det første valet som rører prisen. Ein open fjord med bølgjer og springflo kan gjere land til det tryggaste valet, og i Stanghelle vart det òg det rimelegaste.

  2. Storleik og kapasitet

    Talet på plassar på benken avgjer romvolumet, omnen og ventilasjonen, og garderobe kjem i tillegg. Skal det vere dusj, trengst avløp, og utanfor offentleg nett krev det ei eiga løysing.

  3. Byggjeprinsipp og materialval

    Korleis veggen er bygd, kva omn badstova får og kor mykje glas ho har, styrer både byggjekostnaden og kva drifta kostar seinare. Ei badstove for dagleg drift må tole meir enn ei som blir brukt nokre gonger i månaden.

  4. Søknad og gebyr

    Kostnaden for søknaden følgjer kor mange dispensasjonar saka krev, og om fleire instansar skal uttale seg. Kommunen tek gebyr òg, og allereie gebyret for førehandskonferansen varierer mykje mellom kommunar.

  5. Drift frå første dag

    Booking, lås og forvarming er ein eigen post. Dei avgjer om badstova kan driftast sjølvbetent.

  6. Når talet blir sikkert

    Eit spenn er mogleg når stad og storleik er kjende. Eit sikrare tal kjem når byggjesaka er avklara, fordi dispensasjonar og vilkår kan endre prosjektet. Prismodellen kan vere fastpris, timepris eller open bok, alt etter kor mykje som er uavklart.

Me leverer heile kjeda frå teikning til drift, og kan difor setje tal på kvar del av prosjektet.

Ta ein prat med oss
Fleire spørsmål

Andre spør òg om

Plassering

«Når i prosessen låses valget mellom flytende og land?»

Valet bør takast før skissa og førehandskonferansen, fordi det endrar heile løpet: kva planen må opne for, om hamnestyresmakta skal inn, kva ansvar lova krev og kva som går an med universell utforming. I Stanghelle valde me land fordi fjorden er open, med bølgjer og springflo, og det vart òg rimelegare.

Kven gjer kva

«Er det noe vi klarer selv for å gjøre det rimeligst mulig?»

Ja, mykje. Laget kan sjølv avklare kven som står bak, snakke med grunneigaren, samle lokal støtte og ta drift og reinhald på dugnad. Det som krev fagfolk, er byggjesaka når lova krev ansvarlege føretak, og prosjekteringa av vegg, ventilasjon og pipe, der feil blir dyre å rette etterpå.

Finansiering

«Hvem er det som kan være med å finansiere et slikt prosjekt?»

For lag og foreiningar er eigeninnsats, stiftingar og gåvegjevarar dei vanlegaste kjeldene, og kommunale og fylkeskommunale tilskot til friluftsliv, folkehelse og universell utforming kan kome i tillegg. For eit aksjeselskap er banklån, eigenkapital og investorar det vanlege, og tilskot ber sjeldan eit heilt anlegg.

Kven gjer kva

«Hva er viktig å tenke på når man bestiller en badstue?»

Krev at leverandøren skriv ned kva som er med og kva som ikkje er med, kven som står for byggjesaka, og kven som godkjenner kva til kva tid. Spør korleis badstova er bygd for den bruken de planlegg, særleg om ho skal vere open for andre. Sjå òg kva garantien krev av dykk i drifta.

Sjå heile kartet
Ta ein prat med oss