under utvikling

Vikedal Badstove

Vikedal · Vikedal Laugarlag

Vikedal Laugarlag hadde arbeidt med badstova si i fleire år då dei tok kontakt med oss i 2024. Ho skal stå på strandmoloen i Vikedal båthamn, på grunn som kommunen eig, og forma har laget valt sjølv: eit grindabygg med slepplaft, som kan takast ned og fraktast bort, og der ein ser reisverket inne. Utvendig får ho to omkledningsrom som alle som badar kan bruka, òg dei som ikkje skal i badstova, og Rogaland fylkeskommune har gjeve pengar til den universelle utforminga. Me tok byggjesaka og har levert arbeidsteikningane til tømraren som skal byggja henne.

Badstova på moloen i Vikedal hamn
Illustrasjon
Illustrasjon
Badstoverommet i Vikedal, med reisverket synleg

Har de spørsmål om Vikedal Badstove, eller draum om noko liknande der de bur?

Ta kontaktAlle prosjekta