15 · under utvikling

Salhus Badstove

Salhus i Bergen · Museumssenteret i Hordaland

IllustrasjonSalhus i Bergen · Museumssenteret i Hordaland
1 bilete

Salhus Badstove skal bli eit heilårstilbod ved sjøen, på badeplassen Rotholsneset i Salhus i Bergen. Museumssenteret i Hordaland står bak, og Salhus Badstulaug skal driva henne. Badeplassen høyrer til det gamle tekstilfabrikkanlegget i bygda, og heile strandstaden er freda. Løyve til å byggja noko nytt her blir gjeve for nokre år om gongen, så bygget må kunna forsvinna like lett som det kom. Badstova er difor teikna slik at ho kan løftast vekk utan å setja spor. Ho er lita og nøktern, og prøver ikkje å likna på fabrikken. Me teikna henne og fører byggjesaka: skisseprosjektet vart lagt fram på folkemøte i mars 2026, og fylkeskommunen sa ja i september. Museumssenteret er den første oppdragsgjevaren vår frå museumssektoren.

Har de spørsmål om Salhus Badstove, eller draum om noko liknande der de bur?

Ta kontaktAlle prosjekta