Rosendal Badstove
Rosendal · Rosendal Turnlag
Malmangervikjo i Rosendal er eit statleg sikra friluftsområde, og der badstova skal stå, er det i dag rasteplass, parkering og bobilcamping. Rosendal Turnlag og Rosendal Bygdelag vil ha ei badstove der, og grepet som gjer det mogleg, er garderoben: han skal stå ulåst, so alle som badar i vika kan skifta der, sjølv om badstoverommet blir booka. I mai 2026 gav fylket løyve til å bruka arealet til badstove i inntil ti år, og nemnde garderoben som ein av grunnane. Sparebanken Norge har gjeve 170 000 kr til forprosjektet, og me har teikna badstova. No ventar saka på kommunen.
Illustrasjon
Har de spørsmål om Rosendal Badstove, eller draum om noko liknande der de bur?



