Piren Mandal
Mandal · Blaud AS
Konsulentoppdrag · Teikna av Sydvest Arkitekter
Mandal · Blaud AS
2 bilete
Piren Sauna i Mandal vann anbodskonkurransen i Lindesnes kommune med 9,4 av 10 poeng, dobbelt so mykje som den nest beste. Kunden vår Blaud stod bak tilbodet og Sydvest Arkitekter teikna badstova; me skreiv konkurransegrunnlaget og heile dokumentasjonen bak det. Der ligg òg forklaringa på poengsummen: ein anbodskonkurranse blir ikkje vunnen på teikninga åleine, men på om du kan gjera greie for materialval, energi og miljørekneskap, og på om løysinga svarar på staden. Sjøsanden og Furulunden er sjølve grunnen til at folk kjem dit, og det måtte lesast i tilbodet. Badstova står ferdig og er i drift.
Har de spørsmål om Piren Mandal, eller draum om noko liknande der de bur?


