Marineholmen
Marineholmen i Bergen · Bergen Laugarlag
Marineholmen ligg ved Puddefjorden i Bergen, der GC Rieber Eiendom byggjer eit nytt badeanlegg med bade- og badstubrygger langs hamnepromenaden. Badstovene står på ei flytande øy, og me teiknar dei for Bergen Laugarlag. Oppdraget byrja med to badstover og vaks til fire, som er ulike inni: planløysing, benkar og omn skil dei, frå ei klassisk finsk til ei norsk med trinnfri tilkomst og ein stor banja med amfi i tre nivå. Utanfrå har dei same kropp, kledning og tak, so dei les som eitt anlegg frå promenaden. Taket fell inn mot midten, og husa er senka ned i dekket so golvet inne ligg i flukt med brygga. Dei er under bygging og skal etter planen opna våren 2027.
Har de spørsmål om Marineholmen, eller draum om noko liknande der de bur?









