20 · under utvikling

Geilo Badstove

Geilo · Hol kommune

Geilo · Hol kommune
Foto kjem

Geilo Badstove utviklar me saman med Hol kommune, gjennom Hol Frivilligsentral, og i tett samarbeid med Geilo Badstuelaug. Ho skal liggja ved Ustedalsfjorden. Det uvanlege her er kor mange som drog i same retning frå første møte i mars 2025: isbadarane, Visit Geilo, Geilo Sti og Løyper og Geilo Tettstedsutvalg. Me har skrive prosjektet fram og hjelpt til med finansieringa, som no er i hamn på over éin million kroner, mellom anna frå Skuestiftelsen Hol og Sparebankstiftelsen DNB. Kommunen og frivilligheita dreg lasset saman utan at anlegget må stå på kommunebalansen.

Har de spørsmål om Geilo Badstove, eller draum om noko liknande der de bur?

Ta kontaktAlle prosjekta