Bjørkheim Sauna
Bjørkheim · Bjørkheim Sauna AS
Bjørkheim Sauna var den første badstova vår. Ho stod ferdig hausten 2022, før Lokalkontoret var stifta, og det var alle spørsmåla me fekk om henne som gjorde at me starta selskapet. Ho flyt i Teigavika på Årland i Samnanger, som er eit statleg sikra friluftsområde. Difor ligg ho ute der det er djupt, so stranda framleis er open for alle. Kommunen såg henne som ein måte å bruka badeplassen heile året på, og ein ispropell held vika isfri om vinteren. Badstova er vedfyrt, bygd av Teige Nes Bygg og eigd av Bjørkheim Sauna AS, der Erlend er medeigar.
Foto: Yrjan Olsnes
Har de spørsmål om Bjørkheim Sauna, eller draum om noko liknande der de bur?





