I desember opna me vår femte badstove, av totalt 9 fullfinansierte prosjekt – denne gongen i Arna. Badstovene er heileigd av idrettslag og salsinntektane går uavkorta til dei.
Denne teksten er basert på ein reportasje om Lokalkontoret i BA(som kom ut 7.desember), der me diskutere fordelane med foreingsmodellen vår og lågterskel badstover. I intervjuet snakka me om korleis desse ideelt drevne badstovene er meir enn berre bygningar – dei kan fungere som små, men kraftfull samfunnsakupunkturpunkt som skapar store ringverknader i lokalsamfunna.
Resultata er oppmuntrande
Dei siste halvanna året har me hjelpt til med å opna fem ideelt drevne badstover og signert samarbeidsavtalar med heile 14 idrettslag. Takket vere framoverlente lokale sparebankar, og då spesielt Sparebanken Vest, som tek eit viktig samfunnsansvar, har me på 1,5 år fullfinansiert ni prosjekt med ein samla verdi på seks millionar kroner.
For eksempel fekk Os Turnforening ei fullfinansiert badstove i for eit år sidan. Og resultatet? Dei har noe omsatt for 650,000kr. Dette er midlar som går direkte tilbake til å styrkje det viktige arbeidet idrettslaget gjer for barn og unge.
Foreningsmodellen: meir enn berre badstover
Vår foreningsmodell handlar om samarbeid mellom private, offentlege og frivillige aktørar. Dette partnerskapet sikrar:
Helsefremjande og utenforskapsbekjempande møteplassar.
Sårt trengte ekstrainntekter for idrettslaga.
Maksimal samfunnsøkonomisk verdi gjennom sparebanksmodellen.
Menon Economics har rekna ut, i deira rapport om Sparebanksmodellen, at kvar krone som sparebankane gjer til allmennyttige formål, generere i gjennomsnitt 3,1 kroner i samfunnsøkonomisk verdi. Men kva skjer med dette rekneskapet når kvar krone investert ikkje berre genererer 3,1 kroner i samfunnsøkonomisk verdi, men òg skaper nye, vedvarande inntektskjelder? Kva blir det samfunnsøkonmiske utbytte når kvart tiltak generer 0,5-1kr årleg pr krone som er gjeve. Her kan ein då verkeleg snakke om ein multipliserande effekt som kan styrkje helse, fellesskap og lokalsamfunnet år etter år.
Vegen vidare
I 2025 planlegg me å opna mellom fem eller seks nye badstover. Prosessen med å etablere offentleg tilgjengelege badstover tek tid, men me er audmjuke for tilliten me har fått og for moglegheita til å bidra til eit sunnare og meir inkluderande samfunn.
Vil du vite meir om våre prosjekt, eller vurderer du å realisere ein badstue i ditt lokalsamfunn? Ta kontakt med oss, så finn me ein løysing saman!