Norske kommunar står ovanfor store økonomiske utfordringar. Ifølgje ei fersk undersøking frå KS ligg kommunar og fylkeskommunar an til å bruke til saman 10 milliardar kroner meir enn budsjettet i 2024. Tre av fire kommunar melder om meirforbruk, mykje grunna auka utgifter innan helse og omsorg samt høgare rente- og lånekostnader. Dette gjer det vanskeleg å prioritere store investeringar i offentlege anlegg. Samtidig ønskjer kommunane å skapa sosiale møteplassar for innbyggjarane. Mange utforskar no kostnadseffektive alternativ til kulturhus og symjehallar, då møteplassar bidreg til samhald og helse – faktorar som kan påverke bolyst og fråflyttinga.
"Alternativkostnad" er verdien av det ein går glipp av når ein vel ei investering framfor ei anna. For mange kommunar kan store investeringar føre til nedprioritering av skule, helse og omsorg. Offentlege badstover er eit interessant alternativ. Den fleksible og kostnadseffektive badstova er eit døme på det me kallar "samfunnsakupunktur" – små, strategiske tiltak som stimulerer livskvaliteten i lokalsamfunnet. Dei krev mykje mindre areal og investeringar enn større anlegg, men er likevel ein lågterskel møteplass som fremjar helse. Kommunane kan skape ein sosial arena utan å binde opp store ressursar eller presse budsjetta ytterlegare.
1. Kostnadseffektivt og fleksibelt tiltak
Badstover er spesielt godt eigna for småsamfunn. Dei krev minimalt med planlegging, kan tilpassast ulike behov og stramme budsjett. Med små arealkrav og låge kostnader kan dei fleste kommunar finansiere ei badstove. Dette gir kommunen rom til å tilby nye tilbod utan å ofre framtidige investeringar. Difor er badstover óg enklare å få finansiert og vedtatt i kommunestyret, då dei er rimelege og kan vere mellombelse. Modulære og reversible konstruksjonar reduserer innvendingane i kommunale debattar og gjer at vedtak kan fattast raskare. Dei held dermed det samfunnsøkonomiske handlingsrommet ope.
2. Sosial og helsefremjande møteplass
Som BTs Eirin Eikefjord nyleg skreiv i ein kommentar, er badstova ei ideell løysing for å skape fellesskap og varme, spesielt gjennom dei kalde vintrane. Dei er òg meir tilgjengelege enn mange andre aktivitetar, då dei ikkje krev særleg fysisk mobilitet. Med dokumenterte helsefordelar som redusert risiko for hjarte- og karsjukdommar, bidreg dei til å fremje folkehelsa. I ei tid der kommunar strevar med folkehelseutfordringar, kan badstova vere eit effektivt verktøy for å styrkje både trivsel og fellesskap, i tråd med FNs berekraftsmål 3 om god helse og 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn.
Kommunane står ovanfor vanskelege val. Badstover tilbyr ei unik moglegheit til å skapa sosiale møteplassar som fremmar helse utan store økonomiske belastningar. Dei er kostnadseffektive, fleksible og bidrar til berekraftsmåla – ein form for samfunnsakupunktur som kan ha gode ringverknader. Med badstover får ein rett og slett mykje velferd per kvadratmeter, og dei kan etablerast raskt og reversibelt for å møte kommunale utfordringar på ein smart måte.