top of page
Erlend Klette

Frå partnarskap til fellesskap

– ein samarbeidsmodell med sprengkraft

Ein illustrasjon for POF-modellen

Når me samarbeider på tvers av offentlege, private og frivillige sektorar, nyttar me noko me kallar POF-samarbeid (privat, offentlig og frivillig samarbeid). Denne tilnærminga gir oss fleksibilitet til å møte dei unike behova i kvart lokalsamfunn me jobbar med - og til å ta partnarskap til fellesskap.  Dette er noko me er spesielt merksame på i våre prosjekt, der me alltid strevar etter å sikre ei rettferdig fordeling av makt og ansvar.


Professor i økonomi ved Open University, Maureen Mackintosh, har arbeidd mykje med slik trilaterale samarbeid og omtalar tre modellar for POF-samarbeid: synergi-, transformasjon- og budsjettutvidings-modellen. Synergi oppstår når dei tre ulike partane bidreg med sine unike ressursar og kompetanse for å skape meir enn kva dei kunne oppnådd aleine. Transformasjonsmodellen handlar om korleis partane kan lære av kvarandre, slik at dei tilpassar seg kvarandre over tid og utviklar nye, meir effektive måtar å samarbeide på. Budsjettutvidingsmodellen viser til at samarbeid mellom dei tre kan opne dører for finansieringsmoglegheiter som ingen av partane kunne oppnå aleine.


Desse modellane er ikkje berre teori for oss – dei er eit viktig rammeverk for korleis me arbeider. Likevel er det òg nokre utfordringar knytt til slike samarbeid. Mackintosh advarer spesielt om skeiv maktfordeling i slike partnerskap, der private aktørar - og spesielt dei som er store - kan ende opp med å dominere prosessane. Dette er noko me er spesielt merksame på i våre prosjekt, der me alltid strevar etter å sikre ei rettferdig fordeling av makt og ansvar - og der me gjennom eit solid juridisk rammeverk og gjennom å verve kommunane som ein slags rettferdigheitsgarantist, trygger interessena til dei ideelle. Gjennom POF-samarbeidet utnyttar me deler av alle dei tre modellane til Mackintosh for å oppnå varige og berekraftige resultat. Me ser korleis offentlege aktørar med sine regulative ressursar, private aktørar med sin tekniske kompetanse, og frivillige med sin tilgong til loklbefolkninga kan jobbe saman for å skape meirverdi for lokalsamfunnet. Dette gjer at prosjekta våre ikkje berre handlar om å bygge noko fysisk, men om å skape eit fellesskap som varer.


Sasha Tsenkova, som er professor i planlegging og internasjonal utvikling ved University of Calgary, Canada, og spesialiserer seg på berekraftige byar og byplanlegging, har òg understreka kor avgjerande det er at lokalsamfunn har ei sentral rolle i prosjektutvikling. Ho peiker på at lokalsamfunnsbaserte partnerskap, der folk i området aktivt bidreg, fører til betre og meir berekraftige resultat. Dette ser me tydeleg når me samarbeider med lokale idrettslag og organisasjonar, der me får tilgang til verdifull innsikt i kva folk faktisk treng og ønskjer, noko som styrkjer både relevansen og legitimiteten til prosjekta. Tsenkova sin forskning viser kor viktig lokal engasjement og eigarskap er - noko som understrekar at dei ideelle aktørane er nøkkelpartnarar i eit POF-samarbeidet. Utan dei blir samarbeidet meir likt eit tradisjonelt Offentlig–privat samarbeid (OPS), kvar lokalbefolkninga sjeldan får høve til å påverka utforminga.


Eit godt samarbeid er avhengig av at alle partar får bidra med det dei kan best. Dei offentlege aktørane har innsikt i område, regulering og planar; dei private aktørane har kompetanse og ressursar til å gjennomføre byggeprosjekta; medan dei frivillige aktørane har lokalkunnskap og eit genuint engasjement for lokalmiljøet. Ved å kombinere desse ressursane kan ein utvikle prosjekt som ikkje berre møter dagens behov, men som òg bidreg til varig positiv utvikling i lokalsamfunnet.


Gjennom POF-rammeverket strebar me ikkje berre etter å realisere berekraftige prosjekt – me ynskjer òg å byggje eit fellesskap rundt prosjekta. Når ein kjenner at ein har fått vore med og forma prosjektet, får ein eit eigarskap til det som blir skapt, noko som gjer at resultata får større oppslutning i lokalbefolkninga. 


bottom of page